The Sound of Christmas

 

 

 

Er du julebord type? Ein som heile hausten ser fram til den store firmafesten eller sjøslaget med gode vener og mykje godt i glaset? Eller meiner du at det blir for sløvt berre å samlast til eit etargilde? Kanskje du berre ønskjer å komme i julestemning? Det er lov det.

 

 

I så fall har Koriander og Brandsøykoret i samarbeid med Bistro to kokkar laga det perfekte konseptet for deg, vennegjengen din eller bedrifta di. Valet er ditt. Julebord og julekonsert i ein og same pakke, eller berre nyte The sound of Christmas med stille snø mot rutene på samfunnshuset.

Ja, for no har du sjansen til å få oppleve noko heilt utan om det vanlege. Ein vaskekte amerikansk julekonsert som oppvarming til det mest kulinariske julebord du kan tenkje deg. For dette er storsatsinga til Koriander og Brandsøykoret denne hausten, i godt samarbeid med Bistro to kokker. Saman har dei laga eit konsept som berre må opplevast. Julekonserten The sound of Christmas har alt teke form, og enno er det lenge til 6.desember – den store premieredagen.

Nei, du  her er det ikkje snakk om tradisjonell korsong, men ei herleg blanding av solistar, gags og muntre innslag. Alt innpakka i det mest velklingande julepapiret du kan tenkje deg, og signert Laila B Førde, Dag Øyvind Rebnor, Steinar Karlsen og Trond Strand. Meir junaiten kan det ikkje bli. Alle dei most beloved julesviskene from over there er med, dei du berre må høyre for at jula skal bli jul. Det er rock, det er beat, duettar og harmoni.

Staden er Flora samfunnshus, der du kan slappe av i dei nye stolane og la julestemninga sige inn. Og du treng ikkje, wish upon a star… Det er berre å melde seg på. Og du – ikkje vent for lenge dåJ

Feliz navidad…

 

Billettar til konserten får du på www.florasamfunnshus.no

Ynskjer du konsert og julebord kontaktar du Bistro To Kokkar! For meir informasjon her

 

 

 

 

Brandsøykoret  • webansvarlig Laila Anita Schønhardt • Sist endret 13.oktober 2014

www.brandsoykoret.com